torsdag 7. mai 2015

Stine har fått bunad

Det går i rykk og napp med denne bunaden.

Ofte er det slik at ein må få eit spark i ræva før ein får ting gjort.

Sånn er det med meg.

For å gjere ein lang historie kort, så hadde eg liv, stakk og ein neste ferdig bringeduk.

Det eg trengte var skjorte, belte og forkle. Planen var jo å ha sparkjøp-skjorte inntil vidare, men av uvisse årsaker så erdet vanskelig å få fingen ut for å kjøpe den. Det viste seg at det tok fem minutter i nettbutikken, og 36timers postgang (!)

Litt skjortelinning, litt broderidings frå 2009
Inspirert av den raske servicen til sparkjøp, kom eg meg endelig til husfliden for å kjøpe utstyr til ny bringeduk.
Da skal ikkje stå på utstyret

Bringeduk: Det tok meg ti minutter å feste dei siste tøystikkene, og voila!

Det skulle berre gå 12år før eg gadd å gjere den ferdig
Forkle: Man tar berre eit kolærtekstil fra husfliden og syr det om til forkle. Gjort på ein formiddag.

Vi går sjølvsagt for tidsriktige sokkar




Eg hadde opprinnelig plan om å berre tvinne eit band rundt livet, i påvente av at eg skulle perle ferdig beltet. No, når 17 mai er ei veke unna, fann eg ut at det var på tide å avlegge husfliden eit lite besøk.

Det blir veldig fint når det blir ferdig!



 Når eg kom til husfliden endra planen seg. Er det ikkje kjekt når ein først hadde tenkt ein ting, men så ender ein opp med noko som er enda bedre ? Ja det skjedde idag og. Eg forelska meg i ca 10bånd, men dum som eg var kjøpte eg berre eit. Og eg kjøpte berre eit beltebakstykketing. Og eg kjøpte berre blå fløyel som holdt til eit belte. Det er fare for at det blir fleire besøk til husfliten kommande veke.

Look At This:

Veldig fornøyd med egen innsats. I ettertid såg eg at beltespennene var litt langt ute. Dont care.



Den er så fin at eg vurderer å droppe perlebeltet

Kan dåke forstå at eg gleda meg til 17mai? :D

fredag 28. september 2012

Bunadsbelte

Etter at eg hadde brodert feil vei på første stramei var det ingen vei utenom. Eg måtte byrja på ny. Sidan eg måtte inn til husfliden for nytt materiale tok det lang tid før eg tok opp att arbeidet.

Ting tar tid, men i dag hadde eg endeleg alt utstyret på plass. Trudde eg. Eg hadde ikkje tråd, og no har eg gjort det utenkjelege: brodert på beltet mitt med ikea sytråd. Tida vil vise om det straffar seg.

torsdag 6. september 2012

Eg likar bunadar. Eg likar bunadar så godt at 17 mai er like kjekt som julafta. Eg trur kanskje det kan kallast ein fetisjme, meb litt usikker sidan eg ikkje fann ordet i ordboka og dermed heller ikkje heilt veit kva det betyr.

Uansett, så har de sikkert no skjøna at eg likar bunadar (eg fann heller ikkje ut korleis eg skulle bøye ordet "bunad" korrekt jamfør nynorsk. Sorry).

Litt historie: til konfirmasjonen min fekk eg kystdrakt, og den valgte eg sjølv. Eg er veldig glad i kystdrakta mi. Likevel er det ein del av meg som ikkje har vore heilt nøgd. Eg som drøymande  hadde sett på hardangerbunadane kvar 17 mai og i kvar konfirmasjon sidan eg var liten. I 2003 bestemte eg meg for at eg skulle sy meg austevollsbunad. Etter ein ferdigbrodert (ikkje montert) bringeduk, halvbrodert belte (som eg ikkje finn) og innkjøp av stoff til skjorta vart det stopp. Rett nok skulle Tante lære meg å sy skjorta, men eg kan jo ikkje brodere, så det var lettare sagt enn gjort. Prosjektet stranda.

Mine trufaste lesarar frå strikkebloggen veit at eg arva stakk og liv type hardanger. Så no må eg jo få meg skjorte, forkle, bringeduk og belte. Det må eg sjølvsagt sy sjølv. Starta friskt ifjor, med belte, for så å oppdaga at eg hadde gjort det særs vanskeleg for meg sjølv, og dermed må starte på nytt. Forvitt ingen krise, men det er jo tiltak å kome seg til husfliden for ny stramei.

Idag kom eg meg endeleg på husfliden. Sidan det snart er løn, og kontoen dermed er tilsvarande nesten tom, fann eg ut at det var på sin plass med litt investeringar til bunaden. Ingen stramei, men bok om hardangersaum, nålar, trådar og stoff. Eg tenkte først at eg skulle bruke stoffet til å øve meg, sånn at eg broderinga vert lettare om eg tek bunadskurs over nyttår, men etter at eg hadde bladd litt i boka tenkte eg som så at eg heller kunne byrje rett på forkle, sånn visst eg fekk det til, lizzom. 

Mja. 

Det er kanskje lov å vere optimist, men å lære seg hardangersaum aleine frå bok var litt meir vanskeleg enn eg hadde tenkt. Eg er no litt motlaus og lager derfor ein bunadsblogg istaden.